Lizz med band

LIZZ MED BAND


Når Lizz spelar konsert, vil publikum få oppleve ein artist som verkeleg "eig scena". Lizz sitt gode humør er eit av hennar varemerker, og

med sin elektriske energi og sitt smittsame smil tek ho rommet med storm.


Ho har ei heilt unik evne til å formidle og skape stemning når ho framfører eigne songar krydra med hits som ho har pakka inn i si eiga "drakt".


Den drevne songaren og gitaristen kjem til Stranda med fullt band beståande av Robert Lien, Arne Moe og Ørjan Liavåg. Alle er godt profilerte musikarar frå regionen. Robert på trommer, Arne på bass, Ørjan på gitar og Lizz sjølv, med vokal og gitar.


23.00 - 02.00  laurdag 05. oktober  Stranda Hotel


Dagspass laurdag kun 100,-

Enkeltbillett 150.-


Storfjord Kulturhus

Øyna 1

6200 Stranda



webdesign  @Beatrice Fleischhack